Hopp til hovedinnhold

Skadedyr

En blå og en oransje boligblokk fra froskeperspektiv. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Skader som oppstår i leieperioden

I nokre tilfelle kjem skadedyr inn i bustaden. Dette kan for eksempel vere rotter eller veggdyr.

Det kan vere ulike grunnar til at skadedyra kjem inn i bustaden.

For eksempel får leigetakar med seg veggdyr i bustaden etter å ha vore på ferie. Når dette skjer er det utleigaren som må setje i verk tiltak for å fjerne skadedyra. Leigetakar risikerer derimot å måtte erstatte kostnadane utleigar har hatt med saneringa.

Er det veggdyr som kjem inn gjennom veggen frå ei anna leilegheit i bygget, vil det i utgangspunktet også då vere utleigaren sitt ansvar å fjerne skadedyra. Om leigetakar blir erstatningsansvarleg i dette tilfellet, vil avhenge av om leigetakar er ansvarleg for at veggdyra kom inn i leilegheita.

Både leigetakar og utleigar har ei vedlikeholdsplikt. Kva som er avtalt om vedlikehaldsplikt kan få betyding for ansvaret for skadedyr.

Sjølv om ein mangel, f.eks. veggdyr i bustaden, er avhengig av forhold på leigetakaren si side, er det utleigaren som skal rette mangelen.

Leigetakar kan likevel bli ansvarleg for det økonomiske tapet utleigaren er påført som følgje av skaden.

Vedlikehaldsplikt og forandringar i bustaden