Hopp til hovedinnhold

Øydelagte kvitevarer

Nokre gongar er bustaden leigd ut med kvitevarer, for eksempel eit kjøleskap eller ein vaskemaskin. Er det utleigar eller leigetakar som har ansvaret for å betale for reparasjon eller innkjøp av ny kvitevare, dersom gjenstanden blir øydelagt i leigetida?

Kva er avtalt?

Kven som har ansvaret for vedlikehald, kjem ofte an på kva utleigar og leigetakar har avtalt. Dette står ofte skrive i den skriftlege leigekontrakten.

Kva viss det ikkje er avtalt?

Viss partane ikkje har avtalt noko anna, er det leigetakaren som har ansvaret for å vedlikehalde kvitevarer. Dersom ei kvitevare er ein del av den faste eigedommen, for eksempel viss kjøleskapet er integrert i kjøkkeninnredninga, er det derimot som hovudregel utleigar som har ansvaret for vedlikehald.

Viss reparasjon vil vere dyrare enn å kjøpe nytt, eller ein må kjøpe ny kvitevare fordi gjenstanden ikkje lar seg reparere, er det som hovudregel utleigar som må betale.

Dersom kvitevara blei øydelagt på grunn av ein tilfeldig skade, for eksempel på grunn av eit lynnedslag, blir det ikkje rekna som vedlikehald. Det betyr at utleigar må sørge for reparasjon og dekke kostnadane.

Ved feil bruk frå leigetakar

Viss det er feil bruk frå leigetakar som har ført til at kvitevara blei øydelagt, er det vanlegvis leigetakar som må betale for utbetring.

Les meir om vedlikehaldsplikta til utleigar og leigetakar Husleigelova § 5-3 Husleigelova § 5-8