Hopp til hovedinnhold

Kan leigetakar seie opp ein tidsbestemt leigekontrakt som bryt med husleigelova?

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Oppsigelse

I husleigelova finst det reglar om tidsbestemte leigeavtalar. Sjølv om det står i leigekontrakten at leigeavtalen er tidsbestemt, skal leigeavtalen reknast som tidsubestemt, viss utleigaren ikkje overheld desse reglane.

Kan leigetakar i ein slik situasjon seie opp leigeavtalen med ein gong, med tre månaders oppseiingstid?

Kva er avtalt?

Formålet bak regelen om at leigeavtalen går over til å vere tidsubestemt, er å gi leigetakaren ein rett til å bu vidare. Formålet er derimot ikkje å gi leigetakar rett til å seie opp leigeavtalen på eit tidligare tidspunkt enn kva partane hadde avtalt.

Står det i den skriftlege leigekontrakten at avtalen ikkje kan seiast opp i leigeperioden, kan ikkje leigetakar seie opp slik at avtalen blir avslutta på eit tidlegare tidspunkt enn det som følgjer av leigekontrakten.

Husleigelova § 9-3 Om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar