Hopp til hovedinnhold

Har leigetakar lov til å ha kjæledyr?

En blå og en oransje boligblokk fra froskeperspektiv. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Sjølv om utleigar har tatt inn i kontrakten at dyrehald ikkje er tillatt, kan leigetakar halde dyr dersom det er gode grunnar for det og dyrehaldet ikkje er til ulempe for utleigar eller andre bebuarar av eigedommen.

Eksempel: Leigetakar inngår ein leigekontrakt kor eit av punkta er: Husdyr er ikkje tillatt. Etter ei stund får leigetakar ein sambuar, som har jakthund. Utleigar kan likevel ikkje nekte hundehaldet, med mindre det ligg føre spesielle grunnar. Det kan for eksempel vere at utleigar har allergi og skal bruke bustaden etterpå, hunden bjeffar på natta eller er til anna ulempe for naboar.

Leigetakar kan bli ansvarleg for eventuell ekstra slitasje på bustaden som følgje av dyrehaldet.

Husleigelova § 5-2 Vedlikehaldsplikt og forandringar i bustaden