Hopp til hovedinnhold

Når leigetakar flyttar ut, skal bustaden og alle nøklar leverast tilbake til utleigar. Leigetakar har ansvar for at bustaden er vaska og i avtalt stand ved utflytting.

Tips ved utflytting

  • Det er lurt å ta ein felles gjennomgang av bustaden ved utflytting.
  • Bruk gjerne ein utflyttingsprotokoll og skriv ned kva de er einige og ueinige om. 
  • Ta bilde av bustaden. Dette er særleg viktig om de er ueinige om skadar eller utvask.
Det løner seg å skrive protokoll ved innflytting og utflytting

Bustaden sin stand ved utflytting

Bustaden skal tilbakeleverast i standen de har avtalt i leigekontrakten.

Om de ikkje har avtalt noko, må leigetakar tilbakelevere bustaden rydda, reingjort og i same stand som ved overtakinga. Leigetakar er likevel ikkje ansvarleg for vanleg slitasje og dei manglar som utleigar sjølv pliktar å utbetre.

Sjå meir i husleigelova kapittel 10 Kven har ansvar for skadar og slitasje på bustaden?