Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

6 tips til deg som skal leige ut eller leige bustad

6 tips til deg som skal leige ut eller leige bustad

1. Sørg for å inngå ein skriftleg leigeavtale. Huseierne, Leieboerforeningen og Forbrukerrådet tilbyr standard leigekontraktar.

2. Det er lurt å gjennomføre synfaring og sørge for å dokumentere kva tilstand leigeobjektet er i ved inn- og utflytting. Dette kan gjerast ved å fylle ut ein tilstandsrapport/overtakingsprotokoll.

Les meir om overtakingsprotokoll.

3. Dersom de er fleire leigetakarar som signerer same kontrakt, er de solidarisk ansvarlege for å oppfylle avtalen. Det er mogleg å avtale pro-rata ansvar – dette må gå fram av kontrakten.

Les meir om rettar og plikter når fleire leiger saman.

4. Det finst reglar for depositum – Depositumet skal bl.a. stå på eigen depositumskonto. Depositumpengane er leigetakar sine, men skal stå sperra slik at utleigar har tryggleik for sine krav. Utleigar skal betale gebyret for å opprette kontoen.

Les meir om depositum.

5. De kan sjølv avtale kven som har ansvar for vedlikehald av leigeobjektet/bustaden – Gjer deg kjent med det som står i kontrakten, slik at du veit kva som er avtalt.

Les meir om vedlikehaldsplikta til utleigar og leigetakar.

6. De bør tenke over om kontrakten skal vere tidsubestemt eller tidsbestemt, om det skal vere høve til å seie opp og kor lang oppseiingstida i så fall skal vere. Ver merksam på om det er avtalt bindingstid.

Les meir om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar.