Hopp til hovedinnhold

Det er mugg i leiligheita

Får du muggsopp i bustaden du leiger, er det viktig at du seier frå til utleigar med ein gong.

Det kan vere ulike grunnar til at det kjem muggsopp i bustaden. Derfor er det viktig å få kartlagt kvifor det er muggsopp i bustaden.

Viss det har oppstått muggsopp som følge av feil bruk av bustaden, så kan du bli ansvarleg for kostnadane til utbetring. I mange tilfelle er det ein kombinasjon av årsaker til at muggsoppen oppstår. Det er uansett i utleigar si interesse å få fjerna muggsopp fordi det kan føre til skadar i bustaden.

Mangelen på skriftlege bevis kan skape utfordringar viss partane blir ueinige. Det finst fleire firma som kan undersøke om det er muggsopp i ein bustad, kva årsakene er og kor alvorleg problemet er.