Hopp til hovedinnhold

Forkynning av klager og vedtak

Husleigetvistutvalet må sørge for at klagen og vedtaket blir gjort tilgjengeleg for deg. Dette kallar vi forkynning.

Korleis forkynning skjer

1

Forkynning ved brev

Forkynning til privatpersonar skjer vanlegvis med digital post, der vi mottar ei stadfesting frå Digipost eller e-Boks om at dokumenta er mottatt og opna.

Nokre gongar skjer forkynning i vanleg brev, med ein frist for å sende ei stadfesting (mottakskvittering) tilbake til oss.

For verksemder skjer forkynning med digital post til Altinn, med ein frist for å sende ei stadfesting (mottakskvittering) tilbake til oss.

2

Forkynning ved stevnevitne

Viss vi ikkje mottar ei stadfesting på at klagen eller vedtaket er mottatt, kan vi be stemnevitnet (politiet) om å forkynne dokumenta for partane. Politiet kan då oppsøke parten heime eller på arbeidsplassen. 

3

Forkynning ved kunngjering

Dersom stemnevitnet ikkje får klagen eller vedtaket forkynt, kan dokumenta forkynnast ved kunngjering. Klager blir kunngjorte i ei avis i området der parten sist budde eller oppheldt seg, i Norsk Lysingsblad og ved oppslag på kontoret til Husleigetvistutvalet. Vedtak blir kunngjorte ved oppslag på kontoret.

Norsk Lysingsblad er ei nettside som er til for å publisere informasjon om forskjellige klagesaker og liknande.

til kunngjeringar i Norsk lysingsblad

Får du tilsendt andre dokument i saka, krev vi ikkje at du stadfestar at du har mottatt dokumenta.