Hopp til hovedinnhold

Når leigetakar oppdagar feil og mangler ved bustaden

Person studerer et dørhåndtak. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Innflytting

Oppdagar leigetakar feil eller mangel ved bustaden etter overtakinga, må han melde frå til utleigar. Meldinga om feil blir kalla ein reklamasjon.

Frist for å reklamere

Leigetakar må reklamere innan rimeleg tid, vanlegvis innan 14 dagar.

Reklamasjonen bør vere skriftleg, må opplyse om kva det vert klaga på, og at leigetakar krev retting av feilen. Leigetakar må gi reklamasjonen på ein forsvarleg måte og sikre bevis for at den er sendt.

Viss utleigar ikkje utbetrar mangel innan rimeleg tid, kan leigetakar vurdere å kreve avslag i husleiga eller erstatning. Er mangelen vesentleg, kan leigetakaren vurdere å heve leigeforholdet.

Viss leigetakar ikkje reklamerer eller reklamerer for seint, kan han miste retten sin til å kreve noko.

Husleigelova kapittel 2 Les meir om heving