Hopp til hovedinnhold

Kan utleigar gjere forandringar i bustaden?

En blå og en oransje boligblokk fra froskeperspektiv. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Vedlikeholdsplikt og forandringer i boligen

Utleigar kan gjere forandringar, utan å få godkjenning frå leigetakar. Dette gjeld derimot berre viss utleigar kan utføre arbeidet utan nemneverdig ulempe og forandringa ikkje reduserer bustaden sin verdi for leigetakar.

Kva er forandringar?

Forandringar er arbeid som er større enn vedlikehald. Gjennomgripande tiltak som endrar karakteren til bustaden, for eksempel riving av innvendige veggar, blir rekna som noko meir enn forandringar. I slike tilfelle må utleigar ha godkjenning frå leigetakar.

Før utleigar startar med forandringane, må utleigar gi leigetakar ei melding med frist som nemnt i husleigelova § 9-6, som regel tre månader rekna frå starten av månaden etter at meldinga er gitt.

Medfører arbeida ulempe for leigetakar, kan leigetakar krevje avslag i leiga etter husleigelova § 2-11 andre ledd, viss ulempa ikkje er ubetydeleg. Leigetakar har ikkje krav på leigeavslag dersom det må utførast arbeid på grunn av skade som leigetakar har gjort.

Husleigelova § 5-4 Husleigelova § 5-6 Husleigelova § 9-6