Hopp til hovedinnhold

Kan utleigar krevje at leigetakar betalar for straum?

Sjølv om utleigar i utgangspunktet kun kan krevje betaling av husleiga, kan ein også avtale at leigetakar skal betale tillegg for forbruksavhengige utgifter til straum, brensel, vatn og avlaup. Dette følgjer av husleigelova § 3-1 og § 3-4.

Utleigar kan berre krevje at leigetakar skal betale tillegg for straum og andre forbruksutgifter viss det blei avtalt då leigeavtalen blei inngått.

Viss det ikkje er avtalt at leigetakar skal betale for straum eller andre forbruksavhengige utgifter, kan ikkje utleigar krevje at leigetakar skal betale utleigar for dette.


Viss utleigar og leigetakar har avtalt at leigetakar skal dekke nødvendige utgifter til straum som eit tillegg til leiga, omfattar dette både nettleige og det faktiske forbruket av elektrisitet.

Fordeling av straumkostnadane

Viss leigetakar delar bruken av eigedommen og eventuelt straummålar med andre skal fordelinga av utgifter til elektrisitet skje forholdsmessig mellom brukarane av eigedommen. Dersom utleigar og leigetakar delar straummålar må utleigar betale sin del av forbruket. For å forsikre seg om at kostnadane for elektrisitet er forholdsmessig fordelt og basert på det faktiske forbruket til leigetakar, kan leigetakar kvart år krevje at det blir framlagt rekneskap som viser storleiken på og fordelinga av forbruket mellom dei ulike brukarane av eigedommen.

À-konto

Ofte har utleigar og leigetakar blitt einige om eit fast beløp som skal betalast forskotsvis for å dekke forbruket av straum og andre forbruksavhengige utgifter. Dette blir kalla à-konto. Forskotet kan avreknast mot det faktiske forbruket når straumrekninga kjem. Utleigar kan då krevje den resterande summen dersom det forskutterte beløpet ikkje dekker utgiftene knytt til forbruket, eller leigetakar kan krevje det overskytande tilbakebetalt. Det bør stå i avtalen når forskotet skal betalast, og kor ofte det skal avreknast mot faktisk forbruk.

Kan utleigar auke husleiga på grunn av dyr straum?

Utleigar kan ikkje auke husleiga på grunn av dyrare straum. Heller ikkje når det står i leigeavtalen at husleiga inkluderer straum kan utleigar auke husleiga på grunn av auke i straumkostandane. Utleigar har kun høve til å regulere husleiga ein gong i året via indeksregulering, og kvart tredje år til gjengs leige. Dette må varslast på førehand.

Les meir om regulering av husleige

Straum inngår ikkje i leigeavtalen

Ved inngåing av leigeavtalen kan utleigar og leigetakar også avtale at straum ikkje inngår i leigeavtalen i det heile tatt. Da må leigetakar teikne sitt eige straumabonnement. Dersom ingenting er avtalt er det i utgangspunktet leietakar som er ansvarleg for å teikne straumabonnoment.

Husleigelova § 3-1 Husleigelova § 3-4