Hopp til hovedinnhold

Om motklage

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Viss du er klaga inn i ei sak for Husleigetvistutvalet, kan det hende at du har eigne krav mot motparten som du ønsker å få behandla. Ved å bruke det digitale tilsvarsskjemaet vårt når du sender inn tilsvaret, kan du samtidig fylle ut ei motklage.

Ofte er det ikkje nødvendig å sende inn ei motklage, sjølv om du har eigne motkrav. Hvis du er ueinig i eit krav på kr 10 000, fordi du meiner å ha eit eige krav på kr 10 000, er det nok at du sender inn eit tilsvar. I tilsvaret kan du skrive at du er ueinig fordi du meiner å ha eit eige krav på kr 10 000. Viss du i den same situasjonen derimot meiner å ha eit eige krav på kr 20 000, vil du kunne sende inn ei motklage der du krev betaling av kr 10 000 frå motparten.

Dersom du ikkje har høve til å bruke det digitale tilsvarsskjemaet når du sender inn ei motklage, må du sende motklagen per post med original underskrift. Det er ikkje tilstrekkeleg å sende motklagen som vedlegg i ein e-post.