Hopp til hovedinnhold

Utleigar sine plikter

Utleigar pliktar å oppretthalde vanleg ro og orden i eigedommen, med mindre noko anna er avtalt.

Etter husleigelova § 5-2 er det høve til å avtale noko anna enn det lova sier om kva plikt utleigar har til å sikre ro og orden.

Dersom noko anna skal avtalast enn reglane i lova, så anbefaler vi at det blir skrive inn i husleigekontrakten.

Leigetakar bør melde frå skriftleg til utleigar viss ein opplever støy frå andre leigetakarar eller brukarar av eigendommen, eller viss andre ordensreglar ikkje blir overhaldne.

Husleieloven § 5-2

Leietakar sine plikter

Leigetakar må følge vanlege ordensreglar. Ordensreglane vil som regel vere ein del av leigekontrakten. Det kan også ligge føre eit eige skriv om husordensreglar i tillegg til leigekontrakten.

Husleigelova § 5-2

Døme på ordensreglar kan vere reglar for når det skal vere ro, bruk av fellesareal og parkeringsreglar. Skal du ha fest eller pusse opp, kan du vere pålagt å varsle naboar på førehand.

Dersom leigetakar ofte bryt ordensreglane, kan utleigar vurdere å seie opp leigetakar. Ved vesentlege brot på ordensreglane kan utleigar vurdere å heve leigekontrakten. Utleigar må i så fall iverksette oppseiing eller heving etter reglane i husleigelova.