Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

Når kan husleiga aukast?

Temaer i denne artikkelen

Betaling av leie

Når leigekontrakten blir inngått, skal utleigar og leigetakar bli einige om ein bestemt leigesum. I leigetida kan den avtalte leigesummen ikkje justerast meir enn det lova tillèt. Husleigelova opnar for to måtar leiga kan regulerast på. 

Indeksregulering

For det første kan leiga regulerast ein gong i året i samsvar med endringa i konsumprisindeksen. Konsumprisindeksen er eit tall som er berekna av statistisk sentralbyrå.

Utleigar må varsle leigetakar skriftleg minst ein månad før endringa trer i kraft.

Eksempel

Viss leigekontrakten blei inngått 01.01.2021, kan utleigar sende leigetakar skriftleg varsel 01.12.2021 med melding om at leiga aukar frå 01.01.2022.

Husleigelova § 4-2 Husleigekalkulator frå Statistisk sentralbyrå

Gjengs leige

For det andre kan leiga kvart tredje år bli tilpassa gjengs leige dersom ein av partane krev det. Gjengs leige vil seie vanleg leige for denne typen bustad. Kravet om justering må varslast skriftleg seks månader på førehand.

Eksempel

Viss leigekontrakten blei inngått 01.01.2021 vil det seie at utleigar kan sende legietakar eit skriftleg varsel 01.07.2023 om at ho aukar leiga til gjengs leige frå 01.01.2024.

Over tid vil det variere kva som er gjengs leige. Det vil kome an på leigemarknaden generelt og forhold ved den konkrete leigebustaden. Viss de ikkje blir einige om gjengs leige, kan de sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet og få fastsett ny gjengs leige.

Har leigetakar betalt ulovleg høg leige, kan leigetakar krevje å få tilbakebetalt det som er betalt for mykje.

Husleigelova § 4-3 Husleigelova § 4-4 Leigeprisstatistikk frå Statistisk sentralbyrå