Stor pågang – lengre ventetid. Det tek i gjennomsnitt omlag 10 månader frå vi får klaga til behandlinga startar.
Hopp til hovedinnhold
Husbanken symbol

Utleigar vil ha visning

Utleigaren ønsker at du held visningar fordi du snart skal flytte ut. I utgangspunktet er det utleigaren som har ansvar for å ha visningar med mindre du skal framleige bustaden.

Les meir om framleige

Sjølv om du ikkje har lyst til å ha andre inn i bustaden medan du bor der, har utleigaren rett til å halde visningar i rimeleg utstrekning. Det inneber at utleigar ikkje kan krevje at leiligheita er tilgjengeleg når som helst i heile oppseiingstida. Kva som er rimeleg utstrekning må vurderast konkret ut frå leigeobjektet og kor lang tid som gjenstår av leigeforholdet.

Husleigelova § 10-1

Det er ein føresetnad for å ha visning at leigeforholdet er sagt opp og at du ikkje har protestert mot oppseiinga, eller at den tidsbestemte kontrakten snart går ut.