Hopp til hovedinnhold

Utleigar har bytta lås

Leigetakar kan oppleve at utleigar har bytta lås til leiligheita.

Det kan vere at utleigar har bytta lås fordi leigetakar ikkje har betalt leige og utleigaren ønsker å kaste ut leigetakar.

Det er ikkje straffbart for utleigaren å bytte lås, men dette løyser som oftast ikkje konflikten. Dersom utleigar ønsker å kaste ut leigetakar, må utleigar ha eit tvangsgrunnlag og kontakte namsmannen om leigetakar ikkje flyttar frivillig.

Har leigetakar forsvunne, og det er klart at leigetakar har flytta, så kan utleigar dispone over bustaden.

Husleigelova § 10-2

Vi anbefaler at du først tar kontakt med utleigar for å få tilgang til bustaden.

Om utleigar ikkje svarar, kan du ta kontakt med tingretten, og få informasjon om korleis du kan gå fram for å krevje mellombels sikring, slik at du får tilgang til bustaden igjen. I noen tilfelle treng du då hjelp frå namsmannen for å få gjennomført orskurden (avgjerda) dersom du får medhald i tingretten. Har du utgifter til ein annan bustad i mellomtida, så kan du i utgangspunktet krevje erstatning for desse utgiftene frå utleigar.

Sjå tvistelova § 32-1 tredje ledd Les meir om mellombels sikring i tvistelova kapittel 34

Er det skifta lås fordi leigeforholdet er avslutta, og du har flytta ut, men ikkje levert nøklar til utleigaren, kan utleigar krevje erstatning for utgifter til ny lås viss det var nødvendig å bytte låsen.

Eit husleigeforhold skal i utgangspunktet avsluttast i samsvar med kva ein har avtalt om oppseiing når husleigeavtalen blei inngått og reglane i husleiglova.

Viss ikkje må ein ha tvangsgrunnlag for å avslutte leigeforholdet og avslutte det ved hjelp av namsmannen.

OppseiingInformasjon om namsmannen

Andre ueinigheiter som kan oppstå

Alle ueinigheiter