Hopp til hovedinnhold

Husleigekontrakt

Kva er ein leigekontrakt?

Avtale om leige av bustad kan gjerast skriftleg eller munnleg. Avtalen skal vere skriftleg viss ein av partane krev det. Er avtalen skriftleg, blir den ofte omtalt som leigekontrakt. Leigeavtalen kan anten vere tidsbestemt eller tidsubestemt.

Leigeavtalen mellom utleigar og leigetakar er bindande. Rettane og pliktene til utleigar og leigetakar skal kome fram av avtalen.

Vi anbefaler skriftleg leigekontrakt

Husleigetvistutvalet anbefaler at ein inngår ein skriftleg avtale om leige av bustad. Det er fordi begge partar då kan lese i den skriftlege kontrakten kva ein har avtalt.

Les nøye gjennom kontrakten din før du signerer for å finne ut kva som er rettane og pliktene dine i leigeforholdet.

Det kan i utgangspunktet ikkje avtalast noko som er dårlegare for leigetakar enn det som følgjer av husleigelova.

Etter nokre av reglane i lova kan ein gjere unntak. For eksempel står det i § 5-3 at «er ikke annet avtalt», så gjeld reglane om vedlikehaldsplikt i lova. Dette inneber at ein kan avtale at leigetakar skal ha ei anna vedlikehaldsplikt enn det som følgjer av lova.