Hopp til hovedinnhold

Når leigetakar flyttar inn

Frå og med avtalt innflyttingsdato er utleigar forplikta til å stille bustaden tilgjengeleg for leigetakar, og leigetakar er forplikta til å betale leige.

Er ikkje anna avtalt, har overlevering skjedd når leigetakar har fått nøklar og tilgang til bustaden.

På innflyttingsdagen skal bustaden vere i samsvar med leigeavtalen. Er ikkje anna avtalt, skal bustaden vere rydda, reingjort og i vanleg god stand.

Husleigelova § 2-2

Ved overtakinga bør utleigar og leigetakar ta ein felles gjennomgang av bustaden. Vi anbefaler partane å fylle ut ein innflyttingsprotokoll.

Det løner seg å skrive protokoll ved innflytting og utflytting

Viss leigetakar oppdagar at bustaden ikke er i samsvar med krava i avtalen eller loven, er det viktig å gi utleigar beskjed så raskt som mogleg. Utleigar har rett til å utbedre feil og manglar. Viss utleigar ikkje ordnar opp, kan leigetakar vurdere å kreve avslag i leiga, erstatning eller heve leigeavtalen, dersom det er ein vesentleg mangel. 

Når leigetakar oppdagar feil og mangler ved bustaden