Hopp til hovedinnhold

Utleigar sin tilgang til bustaden

Utleigar sin rett til å ta seg inn i bustaden

Leigetakar har eksklusiv bruksrett til bustaden, og utleigar kan ikkje låse seg inn i heimen til leigetakar utan ein lovleg grunn.

Ønsker utleigar å ha tilsyn med bustaden, nødvendig vedlikehaldsarbeid, lovlege forandringar i bustaden, eller anna arbeid som må utførast for å hindre skade på bustaden, pliktar leigetakar å gi utleigar tilgang til bustaden.

Medfører arbeida ulempe for leigetakar, kan leigetakar kreve avslag i leiga etter husleigelova § 2-11 andre ledd under føresetnad av at ulempa ikkje er ubetydeleg. Dette gjeld ikkje dersom det må utførast arbeid på grunn av skade som leigetakar har gjort.

Varslingsplikt

Hovudregelen er at utleigar pliktar å sende melding til leigetakar i rimeleg tid før det tilsyn eller vedlikehaldsarbeid skal skje. Det betyr at utleigar ikkje kan låse seg inn i bustaden utan å ha sagt ifrå på førehand. Normalt skal varslinga skje minst ei veke på førehand.

I nokre tilfelle er det i orden med ein kortare frist. Eksempelvis viss sameiget har avtalt sjekk frå rørleggar og utleigar først får beskjed om det fire dagar på førehand. Då må det varslast vidare til leigetakar med ein gong.

Unntak fra varslingsplikten

Varslingsplikta gjeld ikkje viss det er nødvendig med tiltak for å hindre skade på husrommet eller eigedommen elles, og det ikkje er mogleg å varsle leigetakar.

Eit døme er viss det oppstår vannlekkasje i bustaden og det renn vatn ned i leiligheita under. Leigetakar er på ferie, og utleigar blir varsla av naboen. Utleigar kan i slike alvorlege tilfelle ta seg inn i bustaden. Utleigar skal seie frå til leigetakar at han har gjort dette.

Dersom det skal gjerast forandringar i bustaden etter reglane i husleigelova § 5-4, må leigetakar varslast tre månader i forkant.

Visning før flytting

I tida før flytting pliktar leigetakar i rimeleg utstrekning å gi utleigaren og personar som er interessert i å leige tilgang for å sjå på husrommet. Føresetnaden er at ein av partene har sagt opp leigeforholdet, eller at ei tidsbestemt kontrakt snart går ut.

Er leigetakar sagt opp, men har protestert mot oppseiinga, vil han ikkje vere forplikta til å gi nye leigetakarar tilgang til bustaden før oppseiinga eventuelt er godtatt av Husleigetvistutvalet.

Utleigar kan ikke kreve at leigetakar har visningane, men kan kreve at leiligheita er tilgjengeleg for visning.

Husleigelova § 10-1