
For leigetakar
Har du leid eller leier du bolig? Her finner du svar på ofte stilte spørsmål.
Veit du kva for plikter og rettar du som leigetakar har etter husleigelova?
Kva seier lova? Klikk her for Husleigelova heilt enkelt
Kva er avtalt? Les og leigekontrakten for å vite kva du og utleigar har blitt samde om.
Før du fyller ut klageskjemaet, må du sjekke om Husleigetvistutvalet (HTU) er rett klageinstans. Det vil seie at saka må vere innanfor det geografiske og saklege verkeområdet til HTU. Klagen må gjelde tvist om leige av bustad. Klagen må vere skriven på norsk. Dersom det er fleire klagarar, må den som skriv klagen ha fullmakt frå dei andre klagarane. Sjå punktet under for fullmakt. For verkeområdet til HTU sjå her.
Du har sjølv ansvar for å sende inn informasjon om saka. Du bør både sende inn ei skriftleg forklaring og kopi av dokument som kan støtte forklaringa. Alt du sender inn på saka vil bli sendt i kopi til motparten for uttale og visa versa. Du finn HTU si personvernerklæring under hovudmenyen.
Kven som helst kan opptre på dine vegne, så lenge ein har ei fullmakt til dette. Personen som opptrer på dine vegne vert kalla fullmektig. Kva slags hjelp den fullmektige kan gje, følgjer av fullmakta. Vanlegvis vil ein fullmektig ha rett til å skrive brev, delta i møter og snakke for parten. Dersom den fullmektige og skal kunne inngå forliksavtale for deg, må det følgje av fullmakta. Skjemaet må vera signert av den som gjev fullmakta.
- trykk her for fullmaktsskjema (nynorsk)
Her finn du tilsvarsskjemaet vårt. Tilsvaret må vera på norsk. Dersom svaret inneheld ei motklage, må du signere svaret. Lurer du på kva ei motklage er, trykk her. Er det fleire som har motkrav, må alle signere. Eventuelt kan ein legge fram ei fullmakt. Gå til “kven kan opptre på mine vegne?” for meir informasjon og fullmaktsskjema.
Det er ditt ansvar å sende inn informasjon om saka. Du bør både sende inn ei skriftleg forklaring og kopi av dokument som kan støtte forklaringa. Alt du sender inn om saka vil verta sendt i kopi til motparten for uttale og visa versa.