Hopp til hovedinnhold

Info til kommunale utleigarar

Den kommunale rettleiingstenesta vår

Husleigetvistutvalet har ei eiga rettleiingsteneste for kommunar. Her kan du som kommunalt tilsett ta kontakt med spørsmål om utleige av bustad.

Formålet med tenesta er å auke kunnskapen hos kommunar om reglane i husleigelova. Vi kan gi generell rettleiing, men ikkje juridiske råd.

Nedanfor finn du informasjon om fleire sentrale tema som er aktuelle ved utleige av kommunale bustadar.

Lurer du på noko meir, kan du ta kontakt med oss på telefon 22 59 31 60. Telefonlinja er opa mellom kl. 9.00 og 14.00 på alle kvardagar.

i

Husleigelova

Husleigelova gjeld for bustadar som kommunar leiger ut. Utleigar og leigetakar kan ikkje avtale noke som er dårlegere for leigetakar enn det som følgjer av reglane i husleigelova.

I nokre tilfelle følgjer det av husleigelova at partane kan avtale andre løysingar. Til dømes står det i § 5-3 at «er ikke annet avtalt», gjeld reglane om vedlikehaldsplikt etter husleigelova.

i

Husleigelova gjeld ikkje der bruksrett til bustaden ikkje er det vesentlege i avtaleforholdet. I nokre tilfelle kan det oppstå grensetilfelle mot behandlingsplasser og lignende som kommunen tildeler etter enkeltvedtak. Det kan være hensiktsmessig at kommunen lager et klart skille mellom leieforhold og andre kommunale tjenestetilbud hvor andre forhold enn bolig er hovedbegrunnelsen for tildelingen.

Husleieloven § 1-1Husleieloven § 1-2

Justering av husleiga

Husleigelova gir reglar om kva høve kommunen har til å justere den avtalte husleiga. Viss kommunen og leigetakar ikkje har avtalt ei betre ordning for leigetakar enn det som følgjer av husleigelova, er det reglane i husleigelova som gjeld.

Les meir om når husleiga kan aukast

Opptak i husstanden og framleige


Leigetakarar i kommunale bustadar har i utgangspunktet same rett som alle andre leigetakarar til å ta opp andre personar i husstanden sin eller til å framleige heile eller delar av bustaden til andre.

Les meir om opptak i husstandLes meir om framleige

Kommunen må svare på søknadar frå leigetakarar om opptak i husstand eller framleige innan ein månad etter at søknaden er mottatt. Viss ikkje, blir søknaden rekna som godkjent.

Husleigelova § 7-6

Viss kommunen ønsker å avgrense retten til leigetakar, må utleigar og leigetakar avtale unntak etter særreglene for visse leigeforhold i husleigelova § 11-1.

Husleigelova § 11-1

Kommunen har rett til tilsyn

Leigetakar må i nødvendig utstrekning gi utleigar tilgang til bustaden for tilsyn i leigetida. Utleigaren bør varsle leigetakar om tilsyn minst ei veke på førehand.

Husleigelova § 5-6

Kommunen si plikt til å reklamere

I nokre tilfelle er det skadar i bustaden når leigeforholdet er ferdig. Viss kommunen ønsker å kreve erstatning av leigetakar for kostnadane ved å utbetre skadane, er det viktig å gi beskjed til leigetakar om skadane. For synlege skadar er hovudregelen at utleigar må reklamere innan ca. 14 dagar etter at leigetakar har tilbakelevert bustaden.

For å sikre bevis, kan det vere lurt å reklamere skriftleg.

i
Husleigelova § 10-3