Hopp til hovedinnhold

Inntil to stillingar som rådgjevar (saksleiar)

Har du interesse og engasjement for tvisteløysing og mekling?

Husleigetvistutvalet har ledig utviklande og interessant stilling som saksleiar med kontorstad i Bergen.

Om oss

Husleigetvistutvalet er eit statleg organ som behandlar alle typar tvistar om leige av bustad. Som eit lågterskeltilbod skal vi ha kort saksbehandlingstid, rimelege sakskostnader og kompetent behandling.I tillegg gir vi generell informasjon til leigetakarar og utleigarar om rettar og plikter etter husleigelova. Samfunnsoppdraget vårt skal bidra til ein velfungerande leigemarknad og styrke rettstryggleiken til leigetakarar og utleigarar.

Husleigetvistutvalet er eit landsdekkande tilbod og løyser samfunnsoppdraget frå kontor i Bergen, Trondheim og Oslo. Vi er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For å kunne gi eit godt tilbod om tvisteløysing i heile landet har Husleigetvistutvalet gjennomført eit omfattande digitaliseringsprosjekt som gjer at heile tvisteløysingsprosessen no kan skje ved bruk av digitale løysningar.

Les meir om Husleigetvistutvalet på www.htu.no (http://www.htu.no/)

Om stillinga

Har du interesse og engasjement for tvisteløysing og mekling? Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert team som jobbar for å gjere morgondagens tvisteløysingstilbod meir effektivt og brukarretta? Vi er i utvikling og skal styrke vårt kompetente saksleiarteam. Kanskje er det nettopp deg vi leitar etter?

Tvistane vi behandlar gjeld mellom anna skyldig leige, erstatning, leigefastsetjing og spørsmål om gyldigheit ved oppseiing av leigeforhold. Sakene blir løyst gjennom rettleiing, mekling eller avgjerd. Dei fleste sakene blir rettskraftig avgjort i Husleigetvistutvalet.

Husleigetvistutvalet har eit inkluderande arbeidsmiljø prega av mangfald. Mangfald styrkjer oss og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike eigenskapar, livserfaringar og perspektiv.

Arbeidsoppgåver

  • Aktiv saksførebuing av tvistesaker med ansvar for eigen portefølje frå A til Å
  • Rettleiing av publikum
  • Mekling
  • Skrive vedtak og leie møte i utvalet
  • Leie partsmøte i oppseiingsaker

Andre arbeidsoppgåver kan òg bli aktuelle, jf. statstilsettelova §16.

Kvalifikasjonskrav

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • Interesse for husleigerett og tvisteløysing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Norsk statsborgarskap

Ønska kvalifikasjonar:

  • Gode eksamensresultat
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne med husleigerettslege tema
  • Erfaring frå arbeid med tvisteløysing, deriblant mekling
  • Erfaring og interesse for bruk av ulike digitale verktøy som del av ein arbeidsprosess
  • Det er ein fordel om du meistrar både bokmål og nynorsk
  • Det vil også vere ein fordel om du kan andre språk og at du kommuniserer godt på engelsk

Nyutdanna er også velkomne til å søke. For å kunne tiltre stillinga må du kunne dokumentere fullført vitnemål.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre
  • Du er utviklings- og brukarorientert
  • Du jobbar strukturert og er god på å ta avgjersler
  • Du er mål- og resultatbevisst og held fristar
  • Du har god arbeidskapasitet og rolleforståing

Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna og har motivasjon for stillinga. Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

  • Arbeidsoppgåver som fremjar eit viktig samfunnsoppdrag
  • Høve til fagleg utvikling og sjølvstendigheit
  • Eit kompetent og hyggeleg fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Sentrale og lett tilgjengelege kontorlokale
  • Tilrettelegging for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne
  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse

Stillinga er lønna etter statens lønnsregulativ, avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar. Stillinga som rådgjevar (stillingskode 1434) er lønna i spennet kr. 490 000 – 560 000For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Det blir trekt 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

Spørsmål om stillinga

Etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren gjerast offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Vi gjer også merksam på at dersom du har kryssa av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en vil dette danne grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.

Du sender søknaden gjennom www.jobbnorge.no.

Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen: Jobbnorge.

Søknadsfrist: 09.12.2021

Oppstart: Så snart som mogleg

For nærare opplysningar om stillinga kontakt leiar for kontoret i Bergen, Christian Heimdal, e-post christian.heimdal@htu.no eller telefon 45 69 05 36.